loading
Scroll ned for å se mer...

Om oss

Bedrifta vart etablert i 2004 og gjort om til Thor Inge Haltvik Bygg A/S i 2007. Med 20 års erfaring i byggjebransjen er me ein munter gjeng med stor yrkesstolthet som kan tilby allsidig og tilspissa fagkompetanse innan glas, møbel og tømrarfaget.

Dersom du er ute for hærverk, innbrot eller andre skadar på glas, har me døgnvakt som gjev deg tilgang til oss 24 timar i døgnet, 365 dagar i året. Me er også behjelpelege om du har låst deg ute og treng hjelp til å koma deg inn.

Me har kunnskap om kva glaseigeskapar som passar ditt behov og kva som må til for at du skal bli nøgd. Kontakt oss for råd og eit uforpliktande pristilbod.

Med fagbrev innan møbelsnekring, kan me skreddarsy møblar og innreiing. Gjennomtenkt design, gode løysingar, høg kvalitet og tilpassa ditt ynskje. Fagkunnskap, presis produksjon og gode råvarer gjer lang levetid på våre produkt. Du kan sjå noko av arbeidet vårt lengre nede på sida.

Skal du byggja hus og hytte, eller kanskje renovera? Me hjelper deg gjennom heile byggjeprosessen. Alt frå planlegging, prosjektering, godkjenningar og søknader.

Me leiger også ut stillas. Ta kontakt med oss, så kan me hjelpe deg med å berekna kva du treng til ditt prosjekt.

Treng du minigravar, kan me også hjelpa med det. Me tilbyr dags-, helge- , vekes- og langtidsleige. Me hjelper gjerne til med levering av gravemaskina og tilhøyrande utstyr.

"Vår kunnskap og kompetanse vil kome deg
og ditt prosjekt til gode"

NOKRE AV VÅRE PROSJEKT

Følg oss på Facebook og Instagram for dei siste oppdateringane

Kontakt oss

Sjusetevegen 63
Øystese, Norge

Telefon: +47 916 70 634
E-post: post@ti-haltvik.no